Natteravnane

I går kveld kom Nupen og Christina på besøk.
Nupen ringte på mobilen min 2 minutt etter eg hadde komen heim frå Karl.
Eg tok han ikkje, men stilte meg ved vindauget og tenkte: no kjem han.
Og det gjorde han.

Ein raud bil kom opp innkjørselen og Nupen trødde ut på glattisen saman med Christina.
-Neimenn, hei, sa eg, e det dåkkår? 
-Ja, me ville på langtur, sa dei då.

Dei fekk melkehjarte og annanasbrus.
Og klappe katten.


Sist Nupen var her, var klokka midt på natta. Då hadde han med seg Rayo.
Dei ringer alltid når dei er på veg til huset mitt, 4 mil unna deira hybel.

-No e me på Syltevorpå, seier dei, og eg seier: "Kjær hæm!"
Men dei kjem likevel. 
Då seier eg: "I SØV! SNU! Far HÆM!"
Men dei høyrer aldri på meg. Difor kjem dei nett når det passar dei.

Sist dei var her, var like etter gebursdagen min.
Då fekk eg bursdagsgåve/julegåve:



Gjett om eg vart overraksa då eg fekk ein Bibel av Rayo. Det var det siste eg hadde sett for meg.
Eg blei nesten rørt.
-He du kjøpt Bibel te me?! sa eg då.
Han berre smila.

Det hadde han god grunn til. For då eg åpna fant eg ikkje Mosebøkene, men ei lommelerke.



Det var morosamt.
No kan eg ha med meg annanasbrus på møte.


Nupen og Christina for heim etter mange koppar med brus.
Og eg la meg og var glad eg var våken når dei kom.

Velkommen igjen. 
Men eit lite tips: ring før dykk kjem neste gong. Då kan eg bake kake.

3 kommentarer

einar inge

15.02.2010 kl.12:06

hehe konge:p

SelínPhoto

15.02.2010 kl.18:40

HAHA! Av og til må man bare digge Nupen og Rayo! ; )

benedicte

16.02.2010 kl.10:09

...og av og t avsky dem!

Skriv en ny kommentar

hits