Kjærleik.

Eg tenkjer på alt ein deler når man er saman med nokon. 

Alle stundene. Alle samtalane. Alle orda imellom linjene. 

Alle tankane, draumane, visjonane, målane, ynskja.

 

Alle dagane som er som ein film.

Og alle dagane som er som ein karusell.

 

Kranglinga som blir til latter.

Og latter som blir til tårar.

 

Vakkert og skjørt, nydeleg og vondt.

Love hurts. Sant.

Ei kvinne treng ein mann som ein fisk treng ein sykkel. Usant.

 

 

Timane som føles som ei eve, og vekene man ynskja aldri skulle ende.

Solskinnsdagar med mimring, seine dagar med barbeinte føter i graset, melon på piknik, kakao i mørkret.

 

Te i hagen. Yoghurt med musli til frukost. Banan og brødskive til kvelds.

-At du ikkje likar smør på brødet.

-At du kan ete feitt på boks.

 

Sola som kjem etter regnet, snøen smeltar, nye val, nye draumar, nye tankar.

 

Latter. Smil. Kyss. Sakn. 105 meldingar på 3 dagar. 216 minutt i telefon på 4 dagar. 

 

Alle mila ein legg bak seg i bil iglede på å berre vere saman. Hendene. Lukta. Kjenslene.

 

Timene ein bruker på å sjå den andre inn i augene. 

Timene ein bruker på å bli einig i diskusjonar, og man blir eing om at man ikkje er einig.

-Ingen er perfekt. Eg er glad i deg uansett.

 

Come what may, kjærleiken skal greie det.

 

Slamring med døra, springe etterkvarandre. 

Nokon gonge i sinne. Nokon gonger i gledesrus.

-Kom og ta meg, du greier aldri å nå meg no!

Latter. Musikk i bakgrunnen.

Alle smiler.

 

-Det perfekte par. Har sikkert aldri problem.

Vi smiler. Og fnyser. 

Ingen er prefekt, gjentek vi.

Men vi har det bra.

 

Motsetningar. Motsetningar tiltrekk. Og er plagsomt.

-Eg vil, seier eg, mens du vil og, men ikkje nett det same som meg.

-Eg vil, seier du, kva vil du?

-Kva vil vi? Vi må tenkje på oss.

 

Vi ropar aldri. Kranglar sjeldent.

Krangling løyser ingenting. 

Diskutere kan vi.

-Du er teit.

-Du og.

 

Bli enig.

 

Kyss klapp og klem. Vener igjen.

 

 

Reise. Oppleve. Sjå vera saman.

Latter. Latter. 

-Du er teit.

-Du er søt.

 

Dei forsiktige smila.

Dei tydelege tankane.

 

Dei vakre orda.

 

 

Nokon gonger lurar eg på om livet mitt er ein film.

Nokon gonger er den ein romantisk komedie.

Så bli det ein tragedie.

Deretter blir dramascenene skrevne.

Så kjem eg tilbake til komedien. 

Feel-good film.

Om alle hadde vore like heldig som eg, tenkjer eg.

Lukkeleg slutt.

 

 

 

 

 

Saman. Du og eg.



 

2 kommentarer

Anne May

16.02.2010 kl.21:27

Ah, hvor er liker-knappen til dette innlegget? :)

17.02.2010 kl.20:17

Hihi, i tenkte akkurat på det samme!

Skriv en ny kommentar

hits