Maths og grafar.

I dag snakkar mattelæraren til ein vegg.
Alle sit med sine spel, internettsider, teikningar, chatteområde.

Eg sit på facebook. Brukar Photo Shop. Les sitat på ordtak.no.
Han snakkar om stigningstal og likning for ein graf, og han blandar store og små bokstavar, gløymer komma etter men og teiknar krusedullar som skal vere mattereglar.

Matteboka mi ser ikkje betre ut.
Allereie då eg gjekk i 9.klasse sa mattelæraren min:
-Benedicte. Eg trur du kunne gjort det betre dersom du hadde det ryddegare. Sjå på boka di. Det er ei slagmark.

Dette e faktisk nokre av dei finaste sidane når det kjem til å ha gjort noko i timen:





Eg er inga systemkvinne.
Og eg kan ikkje fordra matte.

Difor: INGEN kan då kome og kreve at eg skal ha ei ryddig mattebok. Ikkje ein gong om ein lærar truar meg med dårleg karakter.

Eg tok det sjølvsagd ille opp, men skreiv likevel enda styggare, berre for å vise at man bør ikkje true meg med dårleg karakter berre fordi eg har ei sær handskrift, og fordi norsklæraren ikkje lærde meg skjønnskrift i 3.klasse.

Eg fekk 5 i matte de året, og snakka aldri med læraren igjen.
Eller, jo, ein gong. Men det var mest: Hei. Ja, eg har det bra. Lite matteinteresse, dessverre. HØHØ. Hade.

I går, medan eg vaska håret, kom eg til å tenkje på kva som ville bli fint med å begynne på høgskule. Det eg kom opp med var: INGA matte. og INGA gym.

Det blir herleg. 


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits