Anytime

Endeleg fant eg skiltet eg har lett over på heile verdensveven.
Eg har lett og lett.
Sagt meg villeg til å betale 300 kr dersom eg fant det.
Men så fant eg det - av alle plassar: i Ålesund.






Eg fant og ein boks.
Med fleire boksar i.
Eg likar blomar.







Dessutan fant eg noko eg synes lukta så godt at eg måtte ha det.

Det luktar så godt at det kunne vore parfyma mi.
Men eg har lært at dersom ein tenner på parfyme kan det vare farleg.
Difor får eg berre bruke det som det ljoset det er.



Også fekk eg tak i det eg eigentleg skulle ha: kakegaflar.
Alle kakegaflane eg har fonne kostar 659 kr for 5 stk.

Eller:
-Hei. Ke kan ej hjelpe dej me?
-He du kakegafla?
-Hmmmmm. *Tenkjepause* Nei. Tomt.

Den siste butikken eg gjekk innom hadde det eg skulle ha.
Dei hadde kakegaflar. Billige kakegaflar.

Eg kjøpte 12 stk, eg.




No kan folk kome på kake.

Og te.

Anytime is tee time, veit du.

Én kommentar

Marte

17.02.2010 kl.23:06

love the sign! <3

Skriv en ny kommentar

hits