Yellow submarine



Nokon dagar er slike dagar kvar man helst vil synke under jorda og vere der til man har lyst til å kome opp igjen.
Då eg var lita las eg ei bok om ei jente som ynskja det fantes glidelåsar i bakken slik at ho kunne hoppe ned kvar gong ho vart flau.
Eg skjønte ikkje kvifor ho trengte glidelåsar då borrelåsar er mykje enklare å montere.
Dessutan skal det ein god del til for at eg skal bli så flau at eg vil forsvinne.

Men dårlege dagar har vi då alle. Då kunne eg tenkt meg ein ubåt med glasvindauge slik at eg kunne sett ut på det som skjedde rundt meg, men likevel nesten vere unåeleg. Ingen visste kvar eg var, og det var sjølv opp til meg når eg ville kome tilbake

Nei, tilbake til skulearbeidet no. 
Eg får legge tankane på hylla for dagen.
Kanskje eg heller skulle foreslått at læraren skulle hoppa i ein båt og segle avgarde. 
(Og ikkje kome tilbake då eg ikkje har gjort leksene på ei stund.)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits