French

I dag skal eg og Andrea til Kristina Othelie og ha fransk aften. Vi skal kle oss i franske klede, ete fransk mat, eg skal bake fransk sjokoladekake også skal eg leie ein fransk film.
Og mens vi sit der og ska vere danna, kejm vi til å seie som dei franske kvinnene: "Ein mann utan pengar er som ei bue utan pil" og le og snakke om livet, om at eg skal til Oslo, og då må dei kome på shopping og cafèbesøk, og Andrea skal langt oppi Nord får å gå på fotturar eit heilt år, medan Kristina Othelie skal fortsette å sjå bra ut i briller og studere realfag og dra på sal i Trondheim.

SUKK. Vinterferie, her kjem eg.

Eg må berre ha bil for å kome meg til Kristina. Og bil for å kome meg av garde for å leie film.
Men det ordnar seg. Alt ordnar seg.

MEN; det som ikkje ordnar seg så lett er klede.
Eg har brukt heile formiddagen på å vaske og rydde, og lell ser det slik ut:









OK. Det var ein overdrivelse.
Eg har faktisk rydda litt.

Om ikkje mindre, så luktar det i alle fall reint.

Men er det noko eg aldri gjer, så er det å legge saman klede. Eg ser ikkje vitsen i å legge saman mine eigne klede når eg veit dei kjem til å ligge i ein haug 3 min etter.


No har eg har innsett at eg har litt for mykje klede, i litt for for mange stilartar.
Det å skulle greie å finne ein fransk kombinasjon blir kanskje ikkje så vanskeleg, det vanskelege er å finne det fram i det enorme utvalet.


VEL.

Det skal gå bra.


I fjor vinterferie budde Andrea i Ålesund og vi måtte dit for å bruke penger vi ikkje hadde og ta bilete med raudt i.





I fjor påske måtte vi til Trondheim for å bruke endå meire peng.





I år vil vi berre ete mat og ikkje bruke penger.

Eg håper dette er eit teikn på at vi har blitt meir vaksen, men det tviler eg eigentleg på.
Då vil vi med eitt bli kjedelege og få gråe hår.

SÅ; jenter: eg stemmer for Spania neste år!

2 kommentarer

Kristina Othelie

23.02.2010 kl.10:27

Jajaja JA! Spania! Til neste år kan eg jo Spansk så det ruuular óg! -Fordi eg ikkje går realfag, heller språk og samfunnsfag.. då eg skal leve av å sminke folk, bestemme kva dei skal kle seg i, skrive og putte folk i fengsel.. treng eg ikkje matte ;)

Benedicte - overkommelig.com

23.02.2010 kl.10:40

amen.

det gjer me!

Skriv en ny kommentar

hits