Teknikk

Nokre har den oppfattninga at eg ikkje gjer noko for å få karakterane mine. Fleire trur at eg kan gå inn på klasserommet utan å vere forberedt og spankulere ut igjen med ein seksar. Vel, det har hendt. Men no more. Those days med ungdomsskule are gone.

Etter 13 år på skulen har eg konkludert med at det er verkeleg studieteknikk som gjer at eg stort sett får dei resultatane eg vil ha.
Og min metode for å lese til prøve er å ha ein heil ettermiddag aleine med mat, te og bøker. INGEN lyd, INGEN andre, berre meg og boka. INGEN TV, INGEN Mac, INGEN musikk. INGEN folk som går ut og inn av rommet, INGEN mobiltelefon.
Det er ein grunn til at eg ogfte går ut av klasserommet når eg skal jobbe med oppgåver, det verste eg veit er forstyrringar. Då dett eg heilt ut. Eg greier jo aldri å gjere to ting samstundes.

SÅ.
Dersom eg isolerar meg inne kan eg konsentrere meg og lærestoffet sit stort sett i hovudet til prøva er ferdig.

Men for at eg skal takle å sitje for meg sjølv i 5 timer og lese på prøve, treng eg mat. 



Og te.



Og det å ha bøkene er jo eit stort pluss.




(Visst  ein har gløymd lesebøkene kan ein droppe lesinga og sjå på Sex and the city. Eller så kan ein sitte oppe heile natta for å lese på wikipedia om prøvestoffet og satse på at kjeldene er truverdige.)


Så er det berre å byrje å lese.



OG ta notater. Det er inga vits i å lese dersom ein ikkje forstår det og skriv notater av slik ein har forstått det.




Deretter er det berre å satse på at det går som det går.
Ein har i alle fall prøvd å lese.

Tvi tvi.

3 kommentarer

hei :)

12.03.2010 kl.11:58

jeg kan huske at du nevnte i fjor at du fikk 6'er på eksamen i media. Hvordan klarte du å oppnå det? Hva kom du opp i og hvordan gjorde du det i muntlige? går vg2 media og skal opp til eksamen. stor gruer meg. Håper du har noe svar :D

benedicte

12.03.2010 kl.14:30

hei! Eg fekk ikkje 6 på sjølve medieeksamen, men eg fekk 6 på prøveeksamen.

Det viktige er at du er sikker på kva oppgåva er, og at du er nøye på å BESVARE oppgåvå, det dei spør om.

Dessutan er det viktig å tenke over ALT du gjer, så du har ein GRUNN til kvifor.

Ha halltid eit svar på alt du gjer i det praktiske: kva, kvifor, korleis, konsekvens.

Bruk faguttrykk og var godt forberedt under hovuddelen, og vær sjølvsikker.

Under den ordentlige eksamen bomma eg på den muntlege delen: eg var ikkje forbredt nok til å framføre, og rota til heile presentasjonen.

Alle gruar seg, men ha tru på det du gjer og overbevis sensorane om at det du har laga er VERDAS beste produkt!:)

hei :)

13.03.2010 kl.12:43

takk for hjelpa :) håper det går bra på eksamen :P

Skriv en ny kommentar

hits