F00t

I dag og i går spela eg fotball.
Ja, fotball ja.


Eg veit. Eg kjenner ikkje meg sjølv i dag.
Først joggetur forrige torsdag, og no to fotballkampar på to dagar.
Eg burde oppsøke lege.



Sist eg spela frivelleg i noko, var volleyball. Då hadde eg ikkje med klede og måtte spelte i skjørt.
Og vi tapte så det susa.



No til fotballkampen hugsa eg både skor og bukse. 
Og som om ikkje det var nok, har vi vunne begge kampane.
(Det kan jo ha noko med å gjere at vi har tre gutar på laget som kan reglane.) Eller ikkje. Eg er jo blitt litt av ei fotballstjerne etter 18 minutts lagspel.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits