Ein heilt vanleg dag på jobben

No sit eg på biblioteket i Molde på lesesalen og utanfor døra står det  STILLE, LESESAL. GRUPPESAMTALER MÅ DU TA UTENFOR.

Eg sit innanfor- heilt åleine.

Eller, det er to damer som sit her og. Eigentleg kunne eg tenkt meg å sitte ute på biblioteket og ikkje sjølve lesesalen, slik at eg kunne sjå på menneska og skrive historier om kvifor den gamle dama med grønne skinnhanskar les på ei bok frå undomslitteraturen, eller kvifor utlendingen med selbujakke berre sitter på veggen med det store maleriet - ein er vel på eit bibliotek for å lese vøker?

Men eg greier ikkje å konsentrere meg når noko skjer rundt meg. Så då får eg berre sitte her. Kvar eg skal vere sille og ta gruppesamtalene utanfor.

Eg må site her. Eg ska skrive stil om namnetradisjonar medan Karl styrer lyd på eit barnekor som syng i domkyrkja lengre oppi bakken.

Etterpå ska vi dra på kino og sjå på En helt vanlig dag på jobben. 

 

Men no sit eg altså her på biblioteket og først tenkte eg: eg håpar at dei ikkje har internett her i Molde, for då blir eg berre sittende på verdsveven. Og det har eg rett i. Men eg ska prøve å skrive mest mogleg om namnetradisjonar, slik at eg kan feire med kino seinare.

Vi sei det slik.

 

 

 

2 kommentarer

ANNIKA

16.03.2010 kl.17:43

Så fin blogg! :D

B-dog

16.03.2010 kl.23:24

Jeg beundrer folk som går på biblioteket. Kunne ønske jeg hadde tid til å lese..

Skriv en ny kommentar

hits