it is called love

Han plar å seie unnskuld når det eigentleg er eg som skal seie unnskuld. Han plar å tørke tårane mine når eg er sliten, reie opp senga mi når eg er trøytt, halde meg i handa når eg frustrert og halde i rundt meg når eg dett saman.

Han plar å ville snakke om det når eg ikkje vil snakke om det. Han plar å stryke meg igjennom håret når eg vil vere stille, stryke meg på handa når eg vil slappe av, skryte av meg når eg seier at eg er lei.


Han plar å bruke same t-skjorte i ei veke, eit frisørbesøk i året, ein shoppingrunde i skuddåret.



Eg kan vere eit vanskeleg menneske.

Eg skjøna ikkje at eg var eit komplisert kvinnfolk før eg møtte han. Eg trudde eg kom til å vere verdas mest forståelsesfulle, snille, huggelege, omtenksame og fantastiske kjæraste. Som aldri klaga, berre smila.
Men så viste det seg at det var eg som fekk ei slik kjærast.





Og som om ikkje det er nok i seg sjølv, kan han kunsten å kysse.





Kall det tidanes Jackpot.

2 kommentarer

Kristine

22.03.2010 kl.10:31

rett og slett poetisk! og veldig sant!

Marita

22.03.2010 kl.22:08

seriøst! dåkker to e så søte at d nesten gjør vondt x'D

Skriv en ny kommentar

hits