Mobilt samfunn

I dag fekk eg ho endeleg.
Mobiltelefonregninga.



Ikkje det at eg har gleda meg til å få ho, men etter å skifta frå Tele2 til Telenor, og ikkje fått rekning på 3 månader, byrja eg å lure på kor høg prisen eigentleg kom til å bli.




Difor var eg forberedd på at  ho sku blinke 3850 kr eller meir.



Så eg reiv opp brevet så fort som mogleg, og talet ljoste mot meg:




Hvilket liv.
Eg har sent 1114 SMS og ringt i 3 timar og 35 minutt, og alt eg betalar er skarve 177, 92 kr.


Så ringte eg til Karl:

-I he fått telefonrægninga no.
-Ja...? Blæ det mykje?
-JA.
-Å?
-I he sendt 1114 SMS og ringt 3 tima og 35 minutt.
-Ja kor mykje må du betale da søta?
-Mykje.
-8000 kr?
-Nja.
-5000 kr?
-4800 kr.
-Wow. Hehe. Jaja. Du bruka no mobilen mykje da.
-TULLA. I ska betale 177, 92 kr.
-OJ. Seriøst?  Kanskje e å ska skifte abbonement no?


Det er like før eg sender ein mail til Tele2 for å takke dei for prisane dei har.
Telenor gav meg berre rekningar på 900 kr, og då sente eg 800 SMS og ringte i 2 timar og 5 minutt.
Difor ska eg signe Tele2 så lenge dei fortsett på denne måten og gjer meg meir peng til overs.


Dette betyr berre ein ting:
Mindre mobilrekning = meir sko.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits