Framtida kom i går

I går kveld, eller i natt rettare sagt, fekk eg hugen på noko.

Til hausten skal eg til Oslo, også tek eg åra som dei kjem framover.
MEN: kva skulle eg ha gjort til hausten dersom eg ikkje skulle til Oslo?

Jo. Då hadde eg søkt på Visuell Kommunikasjon i Drammen.
Utan tvil. (Nesten.)


Berre sjå den FANTASTISKE quizen dei hadde, og AKKURAT det svaret eg var på leiting etter!


Sjølvsagt scora eg høgast på visuell kommunikasjon. Men det er ikkje difor eg vil dit.
Eg vil dit fordi det ser berre heilt fantastisk ut.

Å kunne jobbe med ein ide, og sjå det ferdige produktet. Studere typografi samt layout, reklame og grafisk design. Og Drammen, ja, Drammen skal vissnok ha blitt ein av Noregs venaste byar etter at dei gjorde noko med all kritikken dei fekk.

Kanskje det er dit eg skal etter Oslo.

Kven veit.


Fremtida kjem.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits