Frukost før 11

I dag var det sol på Farstad. (Nerland.)
Eg og Andrea vakna faktisk av ho. (sola.)



Då vart vi så inspirert at vi laga prinsessefrukost.






Og vi åt nesten som nokre prinsesser.






Livet er deilig på laurdager når ein har fri frå arbeid, heng med herlege menneske og har plass til mat i magen.

Dessutan kom eg til å tenkje på: Det er jo påskeeggdag i dag!
Det hadde ingen fortalt meg.

Og eg har inga påskeegg.

Men eg kan trøysta meg med det eg fant på antikkbutikken i dag.

Denne skal eg servera varm løksuppe på, leller la den vare under den blå tekanna mi. Den skal stå på bordet og sjå fin ut, og den passar akkurat til duken eg kjøpte hjå Monica. 



Denne skal eg bevare fine bilete og ark i. Bilete av eg og Karl, invitasjonar og flybillettar. Kjærleiksbrev og gøymde dikt skal få ein fin blomstereske å bu i. Det blir vent å gøyme skattar i noko så vent. 


Også fann eg ei konvoluttveske med ein hank som skal få gjere jobben sin som ei konvuluttveske utan hank. Så eg skal ta han av. Kanskje det blir favorittveska mi.


Eg gjekk rundt på antikkbutikken i nesten ein time og drøymde meg vekk i eit hav av støv og gamle lukter då det gjekk opp for meg: det var faktisk påskeaften for mange mange år sidan at eg fekk mitt første kamera. Eit gammal platiskkamera som gjekk på film, og eg fekk lov til å ta to bilete kvar dag så eg ikkje brukte opp fem filmrullar på ein dag.
Det var altså påskeaften min fotografinteresse blomstra, saman med krokus og tulipanar. 
Det må sikkert ha vore for 12-13 år sidan.
Mamma hadde arrangert påskeeggjakt i skogen, og i egget fant eg noko langt meir verdifult enn godteri: eit apparat som kan gjengje eit augenblink av verkelegheita. 
Då tok eg bilete av dokker og av bamsar, koppesett og kindereggfigurar.
No tek eg bilete av menneske og dilldall.


Det var ein stor dag.
Og påskeaften i år, ja, heile livet byr er og byr på store dagar.

Hvilket liv.


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits