Olivenspam

I dag har eg skreve ein stil på bokmål og Aasen og Knudsens tankar om framandord og låneord.
I dag har eg vore hjå bedrifta som skal trykke russeavisa og fått konstantert at det er den finaste russeavisa som har blitt laga.
I dag har eg baka olivenbrød.

I dag er ein fin dag.


Eg kan nesten ikkje tru at eg ikkje likte oliven før.
No kan eg ete det heile tida.




Og fetaost.



Olivenbrød er til og med så enkelt at eg hugser oppskrifta utenat!


1 pk gjær
3 dl vann -37 grader.

1 ts salt
2 ms olivenolje
mjøl.

Deigen er ein standard pizzadeig, men han skal vare blaut, så ikkje bruk så mykje mjøl.

Strø over med oliven


225 grader - 20 minutt


Også et ein olivenbrød til lasange og supper, pasta og salat.


Eg blir vel snart italiensk no.


Ellers fekk eg mail frå gammallæraren min om at eposten min støtt og stadig sende ut spam:


Er det nokon som kan hjelpe meg, så skal dykk få oppskrifta på olivenbrødet mitt.
(Det har dykk allereie fått, då...)

Men, nokon som veit å løyse e-postkrisa mi?

3 kommentarer

dthituvy

14.04.2010 kl.15:52

nam :)

Kristina Othelie

15.04.2010 kl.18:00

Hey! Olivenbrød er jo helt vegan! :-D

benedicte

16.04.2010 kl.10:58

Eg veit! og godt!

Skriv en ny kommentar

hits