Saturday leads to sunday







Eg trur alle opplever betre og verre dagar.
Då hjelp det å bruke ein kjole med blomar ein hadde gløymd ein hadde, favorittskoa og ekstra mykje hårskum.


No sit eg på kjøkenet og et spagetti og ser ut av glaset, helga har komen då eg er ferdig på arbeid.
Eg undras over alt som skjer i eit liv. 
Gleder og sorger, lukke og skuffelser. 
Livet byr på så mykje.
Og eg har berre opplevd litt.

Fram til no har eg brukt livet mitt på å få kunnskap. Lære å lese og skrive, rekne ( i alle fall litt) smile, vere høfleg og danna, selge sko, skrive stilar, handle på sal, vere sosial, tenke praktisk, vere eit medmenneske. På 19 korte år har eg blitt fyld opp av denne vera, og enno har eg ikkje komen halvveis. Eg skal oppleve meir og leve meir.
Det er nesten slik nokre gonger at ein tenkjer: no kan eg umogleg lære meir.

Jo meir ein veit, jo mindre veit ein at ein ikkje veit. 

Og jo lengre ein lever, jo meir skjøner ein at det ein trudde ein visste før, visste ein ikkje.


Eg tykkjer livet er ei gåve sjølv om man ikkje alltid har ljose dagar. 
Det er alltids noko å sjå fram til.
I kvell skal eg berre vere med gode vener og feire ei fantastisk venninne, og i morgon skal eg berre vere saman med Karl.

Eg håper alle - uansett om dagen har vore fin eller ikkje, får ei signa helg.

5 kommentarer

daanette

17.04.2010 kl.18:45

Har faktisk aldri tenkt på det på den måten, men du har vel ganske rett. Det finnes vel en grense for hvor mye kunnskap man burde ha iblant. Ha en koselig kveld i hvertfall da :)

HelgaKristin

17.04.2010 kl.19:11

ej eeelska kjole!!!!!!

eli joy

18.04.2010 kl.12:40

du har en fantastisk stil! elsker den!

Edward

18.04.2010 kl.17:26

Må være utruli flink na fotografen!!!! XD XD

eli joy

18.04.2010 kl.17:34

jaja, han KULE vennen min det

Skriv en ny kommentar

hits