Sys



I går var eg og syster kledd i svart og raudt, utan å skulle planlegge.
Syster bryr seg ikkje om klede i det heile tatt, men i går overraska ho meg med å ha kjøpt ein stilig cardigan.
Ho kan om ho vil, med andre ord.

Syster er meg litt av ein minister. Ho er aktiv med i KRFU, bakar like mykje kake som mamma, studerar politisk økonomi på NTNU og har vore utvekslingsstudent i ENglnad og budd i sovepose i Kyrgizistan og Ukraina i over 6 månader.

Eg derimot,bur i ein kjellar og går allmenn påbygg.


Snakk om å leve livet.


Syster har alltid vore flink på skulen, og ho har jobba for det.
Eg har alltid vore flink på skulen, og har halvvegs jobba for det.

Vi er som natt og dag, meiner heilt forskjellege ting, kranglar om alt, og ingen greier å tru at vi er i same familie.


Av og til har eg kasta ting etter ho, andre gonger har ho slått til meg med ting.

Forhåpentlegvis veks vi av oss kampanda om nokre år. Eller kanskje ikkje.
Det er i alle fall greitt å ha nokon i familien som kan matematikk.

2 kommentarer

Marte Kjelsvik

19.04.2010 kl.12:31

For en herlig blogg du har Benedicte!! :) Fortsett med det:)

Klem fra Marte

Maja

19.04.2010 kl.22:50

Jeg har bare eldre brødre, min yngste bror er ti år eldre enn meg, og det har aldri vært noe krangling mellom oss. Jeg misunner deg å ha ei søster, spesielt på din egen alder! Og at dere er så forskjellige misunner jeg enda mer!

Heldig du:)

Skriv en ny kommentar

hits