The war at home

I går brukte eg dagen til å tenkje og lese og lære og forstå krig.
1. og 2. verdenskrig er sørgelege greier. Som om det ikkje er nok, ser det ikkje ut som om vi har lært alt for mykje av historia då vi fortsatt krigar i dagens 2010.

I går drakk eg faktisk ikkje te. Eg drakk sjokolademelk og tende lys for meg sjølv og for alle som har falt i krigen medan eg las på historieprøva eg skulle ha i dag.




Å lese om krig fekk meg til å tenkje på alt eg fekk sjå under Polen-Tyskland turen eg fekk vere med på saman med klassa.
Det fekk meg til å tenkje på alt eg såg og opplevede. 


Eg tenkjer på

murane vi har sett opp mot kvarandre


for å ikkje snakke om alle gjerdene


Og alle tårane som har felt, så stor som ein sjø.


Vi har krossa grensa 


Og alt for mange har falt


Til heder og ære minns vi alle dei som måtte gje tapt


Og vi vil aldri gløyme dei.
Men lat oss tilgje.




Og medan eg satt der, i pysjamasen i kjellestova og tenkte på tanksar og tortur, murar og sakn, sovna eg, og drøymde om fred på jord og ei betre verd.

"Det er menneske som har brakt urettferdigheta hit, då kan vi vel greie å gjer noko med det," sa ein kar eg møtte ein gong.
Og det fekk meg til å tenkje på at det må vere mogleg. Det er vi menneske som har gjort det, då må vi menneske greie å rydde oppp i det.

Når eg vakna i dag var eg klar til dyst og skreiv side opp og side ned og krigar og offera, jødar og skyttergraver.

Eg håper at vi kan ha lagt frå oss dei verste kampane og kan sjå framover, og ha ei fredleg verd.

Eg skal i alle fall prøve å vere i fred med mine.


3 kommentarer

Runhild

20.04.2010 kl.12:17

så bra du skriv benedicte :)

eli joy

20.04.2010 kl.15:10

bra skrevet, - utrolig fine bilder!

er en fast leser :-)

benedicte

20.04.2010 kl.16:33

Takk :)

Skriv en ny kommentar

hits