Energi

I dag skal eg på gebursdag til bestefar og feire at han er 74 år, og synes synd på lillebror som ligg rett ut på sofaen og er sjuk. Eg høyrde han låg og sang i sta, så SÅ sjuk kan han umogleg vere. (Dessutan ba han meg om å dra på butikken for å kjøpe sjokoalde. Sjølv ikkje EG vil ha sjokolade når eg er sjuk. Så eg trur vi kan friskmelde han innen morgongry.)

For å feire at eg er frisk (så godt som mogleg, eg har i alle fall lyst på sjokolade) laga eg god mat.








Og kvitlauksbaguettar, sjølvsagd.


Grunnen til at eg ordnar slik kongeleg mat?
Eg øver på prøve sjølvsagd.
I naturfag.


Også har eg på meg ny kjole.
Då er det overkommeleg å lese på prøve.



No ventar eg berre på at eg skal greie å forstå meir om bruk av solceller og varmepumper, slik at eg kan segle vidare i livet med meir kunnskap om elektrisk energi og energibruket til verda. Interessant er det, men eg er dårleg på likningar og forkortelsar som H5O39, om det i det heile tatt er noko.
Det skal nok gå.

Gratulere med dagen, bestefar, og Naturfagsprøve: eg skal gjere mitt ytterste.

2 kommentarer

daanette

20.04.2010 kl.16:47

Jeg trodde alle hadde lyst på sjokolade når de var syke jeg .. jaja. Ha det koselig i bursdag da!

Flippo

20.04.2010 kl.19:05

Solcelle og varme pumpå ha i om i fjor i naturfag (altså vg1) :D ;)

Skriv en ny kommentar

hits