House

Her om dagen fann mamma ei liftgardin på Fretex som må vere dei finaste liftgardina eg har sett.
Den skal eg ha med meg når eg flyttar rundt her i livet, og blomane skal glede og inspirere meg.
No heng den på kjellardøra og gjer si nytte der slik at ingen kan sjå inn medan eg spring rundt og prøver å finne skor og klede å ha på meg. 



Og for ei stund sidan kjøpte eg og Karl ein spegel av ei venninne som flytta, og spegelen er så fin, men tek så stor plass, at vi må vente med å sette det på sin rette plass til vi har funne oss ein heim neste sumar når vi har gifta oss.
Då ska spegelen stå i gangen og eg ska bruke han til å finne ut om eg ser ok nok ut til å gå ut av huset.



Og sjølv om påska ikkje er over, og sjølv om eg ikkje et kokt egg, så kjøpte eg nokre søte små kyllingar som eg kan bruke ein gong dersom eg fer anda over meg til å lage kokte egg ein gong.
Monica som selde dei til meg, sa: kjemaldritilåbrukast.com. Og det har ho kanskje litt rett i.
Men kva om eg nett kjem til å bruke dei?
Då skal eg ta bilde av frukostbodet med egga og eggevarmerane, og sende det til Monica og seie: detkanbrukast.com.



Eg gler meg til å ha eit hus for meg sjølv, og ha ein felleskonto (for meg sjølv) som eg kan bruke og innrede.
Det er ein fin draum.
Fram til då, fer eg berre like det er allereie har.

Én kommentar

Hilde

22.04.2010 kl.12:36

Mamma he slike gardinå ho :)

Skriv en ny kommentar

hits