OH MY OH

I dag har eg berre måpa.

Dagen starta så dårleg som over hode mogleg, og når Karl kom heim til oss i morges for å få hjelp av pappa til nokre bilgreier, trøysta han meg når eg sto og gret.
Plutseleg sa han: vent her! Også kom han med eit kort og ei gåve. Eg berre sterra på han og lurte på kva han hadde funne på.
I kortet sto det romantiske setningar, og i gåvå lag dei eit ven somarfuglsmykke.


Heile dagen gjekk eg og smila og tenkte på kor søt forloveden min er.
-Eg var så glad på torsdag, også så glad i deg, så då kjøpte eg noko til deg, sa han når eg spurte kva han hadde gjort.

Då eg kom heim, sprang en ned på badet for å hente parfyme, og der låg det endå ei gåve. OG eit kort.
Der sto det søte setningar og vene ord.
Og i gåvå lag det eit par øyredobbar.


Då ringde eg han og ropa: Du e gal! Då berre lo han, og han sa han var glad i meg.
Og eg ba han setje røret over til lillebror has, og når eg fekk snakke med han, sa eg at han måtte bli ein like god kjærast som storebroren Karl er.
-E må no få dame først da, svara lillebroren  då.

Då eg sprang inn på soverommet for å slenge endå fleire klede på senga, merka eg at puta hadde klumpa seg opp.
Men det viste seg at det låg noko under. ENDÅ ei gave, og ENDÅ eit kjærleikskort. Der hadde han skreve poetiske setningar, og eg ble heil mållaus.
Og tidanes venaste smykke, eit skosmykke låg i gåva.


Då, når eg hadde fått stemma igjen, ringte eg han på nytt og sa: DU e berre GAL.
Og då lo han.

Ah. I dag er ein dag kvar eg lever på ei rosa sky.
JA, eg liker ting som glitrer. Men det er ikkje det som betyr noko. 
Det er det å ha denne spesielle personen eg kunne klemt flat som ei pannekake fordi eg er så glad i han.

No venter ungdomsmøte og russedåp, og eg må greie å bestemme meg for kva slags smykke eg skal bruke.
Luksusproblem.

5 kommentarer

Maja

24.04.2010 kl.18:27

Du har jammen en flott kjæreste! Han må være fryktelig glad i deg, og det ser ut til at det er gjensidig:)

.:*:. Miss Nerland .:*:.

24.04.2010 kl.18:30

Karl e en godgutt som sjarmerer deg slik:)

Jenny

24.04.2010 kl.18:41

Awwe, så søt han e!

Marita

24.04.2010 kl.20:13

Steeiketid! Ka e han laga aaav? Kor finn man slike flotte mannfolk? Sku gjerne hatt ett slikt sjøl:D

Siri

25.04.2010 kl.22:41

Han må du passe godt på ja :o) får helt frysninger av å lese dette...

Skriv en ny kommentar

hits