RR

I går dansa eg så mykje i regnet og i kulda, at det føltes som det var sumar og vi sprang under ein vatnslange.
Eg som aldri ser på fotball, var på fotballkamp mellom Molde-Tromsø saman med russen, åt pizza på retiro og ropte og hoia rundt i timesvis, og eg køyrde rundt på Hønsehuset og donka til musikk.

-HÆH? E du edru Benedicte?
-Ja, i e avholds, i.
-Jamen! Du e jo så gal!


Dessutan testa eg høge helar og russebukse her ein kveld.
Det funka IKKJE.
Så veit dykk det.



Russefeiringa her har begynt allereie, og eg har fleire gonger tenkt: det er ikkje 1.mai enno, men buksa mi ser ut som om ho er på 16.mai. Det blir interessant å ikkje kunne vaske ho.

Å våkne i dag var ein sørgeleg opplevelse. Russebuksa måtte av då det ikkje skal vere noko program i kveld, og håret stinka.
Men på skulen kom eg. og berre 8 andre i klassa.
Som plaster på såret for at eg stile opp, bestilte eg meg ein russegenser.
Etter gårsdagens oppleving, har eg erfart at det er smart å ha med seg varme klede dersom ein ikkje hopper rundt konstant. (Les: på fotballkamp.)


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits