Over now

I dag hadde eg tidanes siste tentamen.
Frå 8.klasse til 3. året vgs har eg strevd meg igjennom engelsk, norsk, hovedmål og sidemål, matte og media.
Men i dag er eg altså ferdig med dette.
Fantastisk.


Likevel har eg ein dårleg følelse.
Tidanes siste tentamen; mattetentamen som eg hadde i dag gjekk så dårleg at det var nummer før eg begynte og grine medan eg satt og krangla med linære funksjonar og O og X og -10^3.
Eg skal ALDRI ha matte igjen når eg går ut av vidaregåande no til sumaren.
Hvilket liv.

Som trøyst for min elendige kunnskap i matte, har eg ete prinsessemuffins.
Det hjalp lite, dessverre.




No skal eg pakke klede til eg og Karl skal til Trondheim i morgon for å feire ei venninnes gebursdag.
Då eg kom på at eg har laurdagsfri i morgon som er 1.mai, sette eg meg ned på supersaver for å finne flybillettar til Krakow og Berlin for helga. Men alt kosta så mykje, og russ og fattig som eg er, nøya vi oss med Trondheim. Dessutan er jo alle butikkane stengd, så eg får ikkej til å bruke peng. (På klede i alle fall.)
MEN. Eg kan jo ikkje pakke så mykje heller. Eg "må" gå rundt i ei raud bukse i 17 dagar, og då kan eg verken bruke høge helar eller skjørt. Så då treng eg ikkje å dra med meg så mykje i bagen heller.
Eg kjem til å føle meg som ein mann denne helga: sparsam med pengane og med ei bukse.
Takk og pris for at det berre blir slik i 17 dagar.

Én kommentar

eli joy

01.05.2010 kl.12:26

åh nam!

Skriv en ny kommentar

hits