Store jenter gret ikkje

Ikkje ein gong når ein greier å køyre russebilen over ein betongkant.



17.Mai fekk ein pangavlutning då eg skulle køyre russebilen til venninnene mine for å hente fleire russeaviser.

Sjølvsagd var det eg som køyrde. Ung og naiv, frening og elendig på kvasse svinger.
Eg har få ulukker på rullebaldet mitt. Nokre småfugler, maur og ein MC-mann har eg nok bompa borti, men 17.mai.2010 var fyrste gong eg fekk eit møte med Herr Betongkant.

Då eg høyre bilen seie: "bom bang pang bom", når eg tok ein heftig sving på ein smal veg, og bilen stoppa opp, tenkte eg:
No må eg vakne. Dette var ein dårleg draum.

Vel.

Ein gong må vil bli den fyrste.
Lattermilde tilskodarar og forbipasserande, samt 30 små ungar som sprang rundt og ropte etter russekort, blei nesten litt for mykje. Men tårane kom ikkje. Det kunne vore verre. Eg kunne ha vore skuldeg i husbrann og eg kunne vore i B-gjengen. "Heldigvis" var eg bere skuldeg i å få eit hjul på feil plass.

30 minutt etter var det heile over. 10 sterke menn fekk dratt bilen opp, og bilen kunne visast fram like heil i borgartoget.
Eg droppa å hente avisene som var til overs, og eg fekk i meg kake for å stabilisere blodsukkeret mitt.

Så.
Etter ei slik oppleving må ein ha lærd noko.
Og det har eg:
Ikkje gass for mykje, ikkje sving for mykje, og ikkje køyr for mykje.


Frå no av burde eg få reparert sykkeldekket mitt så eg kan byrje å sykle i staden for å setje menneskeheita i fare med bilkøyringa mi.
Eller så får eg bruke føtene.
Store tunge biler skal eg i all fall prøve å unngå i nærmaste framtid.




Gratulere med dagen, folkens.

5 kommentarer

inspirere

17.05.2010 kl.17:22

Gratulerer med dagen du ;)

Kommenter gjerne tilbake visst du gidder, og ta en titt på bloggen min. For jeg vil inspirere DEG ! ( - :

Graaaaaaaaatulerer med dagen !! <3

Britt

18.05.2010 kl.07:44

Skal i ikke stole på deg og bilkjøring altså:p slike ting skjer alle iløpet av bilhistorien, men du he lært til neste gang:)

Gratulerer med dagen da:)

Benedicte - overkommelig.com

18.05.2010 kl.11:14

Ja ein lære så lenge ein leve!

Brit Kari

18.05.2010 kl.15:35

Ah, Emelita e digg på d bilde her ^^

benedicte

19.05.2010 kl.16:45

Hehe, ja eit sånn: "No he ho ødelagt bilen vår altså!"

Skriv en ny kommentar

hits