SICK

I går brukte eg heile dagen til å stirre på katten


drikke honning med te


og synes innmari synd på meg sjølv.
Eg hadde tross alt sår hals, sår nase, sårt humør.
Eg har influensa uten feber, og eg er sengeliggande i ein sofa.

For å trøyste meg sjølv, og inspirere meg til norskeksamen eg hadde i dag, lånte eg diktsamlinger av Lars Saabye Christensen. Han ser kanskje ikkje så honka chonka ut, men du og du kor han skriv.
Hadde eg vore 40 år yngre, og han ikkje hadde vore gift, kunne eg og Saabye vore lukkeleg saman. Han kunne skreve noveller og dikt opp og ned i mente om denne fantastiske kvinna i livet sitt.
Anyway, eg las heile "Åsteder."


"Åsteder" skulle vise seg å ikkje hjelpe meg i det heile tatt. Inspirert blei eg, men då eg møtte opp på eksamen i norsk hovudmål i dag ville eg marsjere ut hyle og slenge låne PC-en og oppgåvearket i veggen.
Kva slags oppgåver er det dei gjer elevane no om dagen?
Her låg eg i feberfantasi (riktegnok utan feber) og forbredde meg på å yte mitt beste på norsk eksamen, også fer eg KUN oppgåver som er så uinspirerande som ein kan få det?

Eg har aldri skreve ein så elendeg stil som eg gjorde i dag. Og det er trist. Meget trist.

Vel. 
Så, eg har begrava meg ned igjen.
Med te, honning og Saabye Christensen.


Snakk til meg når skuleåret er omme, og eg har komen over denne elendege prestasjonen.
Det kan ta tiår.

3 kommentarer

21.05.2010 kl.20:41

Hvor har du kjøpt den fine blomstrete toppen i noen innlegg under? Kjempefin!

benedicte

21.05.2010 kl.20:59

Bik Bok;)

elijoyr

21.05.2010 kl.23:11

T med honning er et stort NAM fra meg! :)

Skriv en ny kommentar

hits