Golden

No venter ein lang dag på meg med skosal, køyring, høge heler og shopping, Ålesund og konsert.
Ein kan rekke nesten alt ein vil på laurdager. NESTEN. Hadde det vore opp til meg hadde eg tatt meg ein snartur til Paris òg.
(Det har vel seg eigentleg slik at det ER opp til meg, men sjølv om EG seier meg eineg ti å dra til Paris i dag, stritter pengboka imot.) Rart det der at eg ikkje greier å vere vener med pengane mine, eg kvitter meg med dei med ein gong eg får dei. Men eg har høyrd om eit gullkort som kan vere ein trufast følgjesven, og som nesten aldri går tom for pengar. Sukk. 
Men eg er for klok til det. Eg ER FOR KLOK TIL DET. Forhåpentlegvis greier eg å ovebevise meg sjølv om at det IKKJE er lurt å få ein slik gulldings i kortmappa som eg kan dra når som helst, kor som helst, og på kva som helst. Den kan ruinere meg. 

Aaaah. Nokon gonger er det nesten irriterandes at eg er litt for smart til å gjere ukloke ting.


No står sopp i steikepanna og venter på at eg skal gjere eit trufast "sunn-morgon"-forsøk.
Yummy.

Én kommentar

elijoyr

30.05.2010 kl.21:16

fin outfit<3

Skriv en ny kommentar

hits