Norje

No sit eg på nett og ser på klede.
Dette er ikkje bra.


Noko som derimot ER bra, er at til helga dreg eg og Karl og Monica til Tønsberg for å besøke venninna vår Mia.
Å. Det skal bli godt det. Å møte Mia igjen.

Eg og Mia møttes for tre år sidan, og det føles ut som om eg har kjent henne heile livet.
Når eg var 16 år drog me til Nationalgalleriet i Oslo i bunad og tolka kunst.
Det er sånt eg og Mia liker, det.

Det trist var at det var ulovleg å ta bilete inne på museumet, det er jo der dei geniale bileta kunne ha blitt tatt.
Så då fekk me tilfeldige forbipasserande til å ta bilete av oss ute. Dei lo. Og vi lo. Og alle turistane på Nationalmuseet i Oslo den dagen trudde det var slik unge jenter gjekk kledd på museum.



For å vere ekstra norsk åt me banan i pølsebraud. Funka litt dersom ein er utruleg svolten.


Ja, no må me ikkje gløyme Remi då! Han var med på museet! 
I dress, sjølvsagd.


Også var vi i eit Frelsesarmeen-lokale og tok bilete.


Og song.


Og var seriøs når vi eigentleg holdt på å krepere av latter.




Det er rart å tenkjer på at det er nesten tre år sidan vi gjorde dette. Eg hugser det så godt. Samstundes er det godt å vete at tida har gått framover, for det har gitt oss nye latterar og fleire opplevingar. And more is yet to come.

Eg trur det er viktig å ta vare på dei gode stundane, hugse på dei og minnes, men ikkje klynge seg til dei. Alt går videre. Bruk heller tida på det som kjem framover enn å tenkje tilbake på kor bra alt var. Det kan alltids bli herlegare.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits