Test me.

Sint.

Nett no er eg sint. Eg kan bli lett sint. Og eg kan vere meget vanskeleg å få sint.
No er eg sint.

Eg har jobba heile skuleåret fo rå få gode karakterer, og no skal vi ha ekstraprøver slik at dei som er misfornøyd med karakterene sine skal få nye sjanser.
Eg meiner det er feil. Ok, dersom nokre vil ha nye prøver, så vær så god. Meg eg som har jobba jevn og trutt heile året og har fått karakterer eg er nøgd med, vil ikkje ha fleire prøver. Eg har prestert mitt. Så eg meiner det burde vere frivilleg å ta denne eine historieprøva eg sit og ergrar meg over. Men det er det altså ikkje. Eg og må ta denne prøva. Denne prøva som hanlar om berlinmuren og den kalde krigen, våpenkappløpet og Cubakrisa. Og det er det siste eg vil.

Så eg er sint. Kjempe sint. Men det går over. Snart. 
Eg vil berre kaste læraren inn i Berlinmuren først.


Og medan eg undras over korleis eg skal greie det, har eg tatt på meg ullabbar slik at eg skal innbille meg sjølv om at veret ute er elendig, så eg må sitte inne.


Men veret ute er jo nydeleg! 
Nei, uff, det er stygt. (Eg jobber framleis meg å overbevise meg sjølv om at det ikkje er sol ute.)


For å forvirre meg sjølv endå meire om at det ikkje er sol ute, sit eg med pelspledd.


og sjokoladekake. 
Ikkje jordbær, med andre ord.


og dufeolje, sjølvsagd.



Så. Då var det berre å fortsette å lese då. Og ikkje sjå ut glaset. Og synke sakte, men sikkert inn i den kalde krigen og skrive det eg hugser på prøva i morgon.

Men eg er framleis sint.
Og det kjem eg til å vere ut til k.. 10.00 i morgon etter endt prøvetid.

2 kommentarer

Miriªm <3

07.06.2010 kl.19:16

åå... så kjedelig da!

.:*:. Miss Nerland .:*:.

07.06.2010 kl.20:50

Ikke noe artig med prøver nei, men håper du klarer å gjør det bra på prøva da...

Skal heller kose oss på onsdag da når vi skal leke krig med mel sukker melk og egg i bakebollene:p

Skriv en ny kommentar

hits