18.jun.2010

Livet er herleg.
Og fartsfylt.


Dei sist dagane, nei, vekene har vore så fullstrappa av ting at søvn og faktisk mat har det vore lite av.
Eg har sprunge rundt som ein gal og likevel har eg ikkje rukke å gjere alt eg burde og ville.
Men eg trøyster meg med at ein rekk ikkje alt her i livet. 

No har eg nettopp komen heim etter noko som føles ei lang, men samstundes kort helg. Men helga har jo nettopp byrja, det er jo berre fredag i dag.
Eg har hatt mattelesedager og matteeksamen, og det skal seiast; utan god hjelp frå Monica så hadde eg faila.
Eg sat sånn heile tida:


Når Monica kom, blei dagane ljosare.


Og til slutt synes eg at eg var så flink at eg belønna meg sjølv med Pepsi Max i stettglas.


Mykje Pepsi Max.


Og eg overlevde eksamen.
Eg møtte opp i skjørt og nydusja, og fekk 4.
AMEN.

Joda, no har dagane vore fulle av arbeid og skuleavslutning, feire at eg er ferdig med vidaregåande og seie "Hadebra" til klassefolk og fleire flytter heim frå hyblane sine. Eg har besøkt venner, rydda heime, rydda hos ein kamerat og fylt 10 søppelsekkar med søppel, handla klede, vore fatteg, køyrd rundt med ein bil med broken vindusviskar så eg har stoppa på KVAR busslomme for å tørke vekk regn med ein genser og sovna ståandes. Toppen av det heile var at i alt stresset fra å kome seg fra arbeid til skuleavsltuninga i går kveld, la eg igjen eine skoen min i butikken eg jobber på. Så det endte opp med at eg måtte gå på skuleavsltuning i nokre sko eg helst kunne fråbedd meg å bruke til ein slik kjole og til ei slik anledning. Men men. Typisk meg.
No har eg komen heim etter ein lang dag, og slengt meg ned i sofaen med champinjong.
NO byrjer ferien. 




Og sumararbeid.

2 kommentarer

elijoyr

18.06.2010 kl.23:45

så fint bilde på slutten av innlegget ditt, Benedicte! :)

Mia

19.06.2010 kl.00:37

veldig enig:):)

Skriv en ny kommentar

hits