Rekning og rekningar

Nokre gonger slår det meg at det ikkje er så positivt å vere myndig. Det betyr at ein får rekningar.

Vel, eg er vel ansvarleg for å få desse rekningane, så eg har meg sjølv å takke, men uansett,  eg kan verken seie at eg ikkje er vaksen nok eller ikkje har nettbank til å betale det eg sjølv står ansvarleg for. Den første telefonrekninga eg måtte betale sjølv, måtte eg gå til baken med, og eg følte meg som ein pensjonist som ikkje brukte nettbank. Så då anskaffa eg meg nettbank. Og det viste seg slik at det er alt for lett å få tak i pengane sine. 
Og sidan det er så lett å få tak i desse pengane som er så tilgjengeleg på nettbanken, er det lett å bestille mykje rart på internett. Det resulterar i tom nettbank, nett som eg har no.

Så no, midt på natta sit eg og skal betale rekningar.
Karl slengte nett ein giro han er ansverleg for i hendene mine og sa: du tek vel denne og?
Då gjekk det opp for meg at vi faktisk skal gifte oss, og ha felles økonomi. Og eg må DELE pengane mine med ein MANN. Resten av livet. Hvilken fryd! Eg har meir penger å rotte meg. Og hvilken sorg. Eg må faktisk dele mine penger med han.

Jaja, jammen meg, eg skal faktisk betale denne giroen han så vent gav meg. Han har tross alt betalt på meg i to og eit halvt år. Og han ba meg på romantisk middag og dessert i dag. 

Så. Joda. Rekningar it is.
Og blogg. Og facebook. Og mail.

Snakk om å vere vaksen.



Eg la nett saman prisen på det som skal betalast, og eg må sukke.

SUKK.

Ein grunn til at eg slo av kalkulatoren, med andre ord.


Stikkord:

2 kommentarer

.:*:. Miss Nerland .:*:.

20.06.2010 kl.10:46

Regninger er en dritt ting som desverre sluker halvparten av lønna og gjør at vi kan ha goder som telefon, bil(lån) og andre ting, gjerne strøm og anna dill dall som vi regner med vi har..

Det som blir igjen av lønna da går til mat drivstoff o.l.. og det som blir igjen etter det blir kos. Men det er skjeldent mye igjen da...

benedicte

20.06.2010 kl.12:15

Hehe, sant Britt Evy! Pengane forsvinn... deprimerande.

Skriv en ny kommentar

hits