Big city life

Dei siste dagane har vore så fulle av program at eg berre smiler. Fantastisk å ha mykje på programmet når ein har tid til det.
Båttur, frukoster og nattbrownies, tekoppar og uvaska hår. Latter og golfkøyring. Skosal og hårklipping. Jentemagasin og brudekjoleprøving, venninnekvelder og foto.

I går vanka eg etter å ha sove lenge, åt frukost på ein cafè saman med Romsdals Budstikke og andre magasin, vandra rundt i Molde og kjøpte klede og sminke og vandra rundt smilande. AH.
Som om det ikkje var nok, var eg fornufteg og buisnesskvinne: eg oppretta ein konto i banken til eg skal til Amerika neste mai på bryllaup.

I banken:
-HEI! I må ha æn konto i IKKJE kan ta ut penga på!
-Jaha?
-Pengan mine forsvinn så lett...
-AHA.
-Dei mugla framfor auen mine visst i ikkje bruka dei. Og no ska i reise. Da må i ha peng.
-Du må ha en konto du ikkje he uttaksmulighet på da.
-JA.


Så då fekk eg det. AH. EG er stolt av meg sjølv. Eg og bankdama kalte kontoen for "Reise konto." Og eg har satt alle skatte- og feriepengane mine dit, så no skal eg ha råa til Amerika. Men eg har ikkje råa til Oslo. Hm.
Jaja. Ein dag om gongen.


Og medan eg sit midt i ting, gode og mindre gode, tenkjer eg på det Helge Krog sa: I samme øyeblik jeg sier: nu er nutiden - så er denne nutid allerede fortid, og jeg befinner meg i en ny nutid, som for et sekund siden var fremtid.





Eg må ikkje gløyme at det eg opplever akkurat no ikkje kjem tilbake. Eg må ta vare på det som kjem. Også tek eg vare på det som har vore.
Klokt.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits