Surreal



Det er kanskje litt for godt til å vere sant å vere 19 år og planlegge bryllaupet sitt.
Men det er sant.

Hadde nokon fortalt meg for tre år sidan at eg skulle gifte meg i ein alder av 20 år, hadde eg flira. No smiler eg.
I går var eg og Karl på hotellet kvar bryllaupsfesten skal vere, og vi har snakka om mat og praktiske saker, pynting og program. Det blir ein fantastisk dag. Ein utruleg dag. Kyrkje og selskapsplass er altså booka, godt over eit år før vi skal gå oppover midtgangen. Vi er i juni 2010 no, og vi har 6.august.2011 som weddingdate. Det er greit å vere tidleg ute og ha kontroll på ting. No til hausten flytter vi til Oslo, og det blir vanskeleg å ta dei store beslutningane over telefon, så det er godt å vete at vi har hovedplana i boks. Uverkeleg. Men likevel verkeleg.
Stikkord:

2 kommentarer

Runa Kristina Hareide

28.06.2010 kl.18:25

Det e så kosli alså! :D Tenk at dokke ska gifte dokke! Lykke til me alt Benedicte! hehe^^

Runa:D

benedicte

28.06.2010 kl.20:35

Tusen takk Runa! :)

Skriv en ny kommentar

hits