Hvilket liv

I dag måtte eg stå tidleg opp. Klokka ni er kanskje ikkje så tidleg, men dei to siste vekene har eg faktisk sove ein del då eg stort sett berre har jobba seinvakter. I dag måtte eg opp. Grunna tannlegen.

Då eg sat og åt frukost, gjekk det opp for meg at det var kanskje ikkje så vent mot tannlegen å ete laks på braudet like før eg skulle dit. Men då tenkte eg at det hadde vore verre dersom eg hadde ete kvitlauk til frukost. Så då åt eg meir laks.

I dag er plana å reise til Trondheim saman med mor og bror og besøke syster. Det har byrja å regne her heime, så då er det kanskje like greitt å prøve seg ein anna plass. Dessutan spring hestane på motorvegen her i Fræna. Fæle saker.



Dei siste vekene etter skuleslutt har handla om å alltid ha noko å gjere. Og det er heilt fantastisk. Når eg ser tilbake på 1.året på vidaregåande, lurer eg på korleis eg greidde å arrangere mellom to jobber, vener, kjærast, familie, ungdomsarbeid, musikk, foto, alt. Når eg ser tilbake på dei to siste vekene lurer eg på korleis eg har greidd det. Det må vere noko med dette at når ein liker det ein gjer, og vel det sjølv, så trivs ein. Stort sett. Eg har i alle fall kosa meg.

Så då er det tannlegen i dag då. Og arbeid. Og Trondheim. Vi får sjå.
Eg nyt livet. Og renget. Og laks.

Én kommentar

jøss!

Skriv en ny kommentar

hits