Finally home
Då var eg heime.


Hallo Mac. Hallo tomt kjøleskåp. Hallo uttørkna blomar. Hallo klesvask. Hallo støvete kjellar.
HALLO ALLE SKOA MINE.
Ferien har vore 14 dagar med fun, sol, regn, musikk, latter, mat, telt, hotell, bagasje, støvlar, shorts, solkrem og aftersun. Ei festreise, kan ein vel seie.
Eg har gjort ting eg aldri ellers ville ha gjort, som å sitje på dei eklaste karusellane på Liseberg, sove i telt med regn, lyn og torden, gå dagevis utan sminke og bruke same klede over fleire dager.
Men no er eg tilbake. Og det kjenns godt.
Mamma, pappa og bror som no er på ferie i Ukraina har lagt igjen ein lapp til meg om korleis eg skal vatne alle blomane i huset. Ho skreiv ikkje noko om korleis ein skal koke poteter.
Eg kjem til å sulte.

No står vasking av klede for tur. Eg tok faktisk med meg alt for mykje klede. Nesten ein heil bag er ubrukt. Kanskje ikkje så overraskande. Men ein veit jo aldri.

marthe
18.07.2010 kl.14:40
jeg har ett spørsmål nederst i mitt nyeste inlegg. kunne du vært så snill og svart på det i kommentarfeltet mitt? det er kjempe enkelt og greit spørsmål. hadde du gjort det hadde jeg blitt utrolig glad og satt kjempe stor pris på det :D ha en forsatt fin dag
.:*:. Miss Nerland .:*:.
19.07.2010 kl.08:20
Men serriøst i trur du klarer deg ganske bra:) Fjordland er en fin ting da vettu selv om det ikke smaker så mye
31.07.2010 kl.20:29