Ein må rekne med regn

har eg erfart i løpet av 19 år på vestlandet. Eller kvar det enn blir at eg bur.
I løpet av mine år har eg vore eigar av forskjellege regnjakker fram til eg var 10 år, fram til då det ikkje var tøft å bruke regnjakke lengre, tross i at regnet dala ned. Så då brukte eg tøyjakker. Med hette. Og øydelagt paraply.

No har eg komen over den perioden. Regnjakke er rett og slett fint synes eg no. Men ikkje alle. Eg snakker om å kunne bruke fine regnjakker. Slike som ikkje er sporty, men fine.
Så fann eg ei da. Endeleg. Eg har berre funne fine regnkåper som køyrer til avdelinga 50+. No har eg funne ei som eg kan bruke.






Så, det er faktisk første gong på nesten ti år at eg har ei jakke som tåler regn.
Det negative med å ha ei sånn fin ei i staden for ei spory ei, er at denne puster ikkje. Så eg blir litt klam. Det er nesten som om eg går rundt med eit lufttett telt rundt meg.
Men hey, eg blir ikkje våt. Skal ikkje kalge då.

Én kommentar

Astrid Elisabeth

23.07.2010 kl.10:37

Så godt! Jeg har fortsatt min sporty knallyseblå regnjakke som mamma kjøpte til meg da jeg var 15 år, jeg svømmer fortsatt i den fordi den er for stor selv etter 6-7 år, og den er ikke så veldig fin. Men den er vindtett, og den puster! Så jeg kjenner at innerst inne er jeg litt glad i den. Men jeg kan godt tenke meg en sånn fin regnjakke snart ja :)

Skriv en ny kommentar

hits