One to go

Kjære vene. I går gjekk det opp for meg at eg skal ut av huset. Eg skal flytte frå heimstaden, frå familien, frå alle skulane eg har gått på, frå vennane mine, eg skal slutte i jobben min, eg skal forlate mine hundre par sko, og berre ta med 20 av dei og flytte til... Oslo.

Det høyres ikkje bra ut i det heile tatt. Men det blir det.

Oh, this is the American dream.









Eg forlet det kjente og skal gjere akkurat det eg har drøymd om heile livet: å være student i Oslo. Eg skal bu på Sinsen, drikke te kvar morgon, bruke blomar i kjolane og blomar på strømpebuksa, gå langs Karl Johan med Imsdal i handa og jogge rundt Songsvann.

Vel, det siste angående jogginga er vel meir berre ein ide enn kva eg verkeleg skal gjennomføre. Men hey, det er ein fin tanke. og det er tanken som tel.
Ein måndad igjen i alle fall til eg blir litt austlending.

Én kommentar

Mia

26.07.2010 kl.13:19

:D:D:D:D:D hehe, jogge rundt Sognsvann ja.. Spreka!

Skriv en ny kommentar

hits