Housework fascinates me

I can stare at it for hours.





Eg har eit nytt forkle no. Kanskje det kan inspirer meg til å bli ei betre husmor.
Eg baka jo kake i dag då eg og Susanne åt fransk sjokoladekake, åt Tiramisu-is og såg sex and the City. Så eg har jo ornda mat. Men då eg skulle til å ta i meg ein bit sjokoladekake, gjekk det opp for meg at eg ikkje hadde ete middag. Pyttsann. Sånt skjer.

Eg er så dårleg på å lage middag. Dei siste dagane har eg ete meir is enn det som har blit smelta her i verda grunna global oppvarming, is er betre enn middag. Men då eg såg dette forkledet i butikken forleden dag, tenkte eg: kva om det er dette eg treng? Kva om det berre trengs eit forkle til for å inspirere meg til å lage mat? Så eg gjorde eit forsøk. Eg lånte penger av Monica og kjøpte eit vent eit med blomar på.

Vel, eg har ikkje laga middag fram til no, så eg tviler på at det har skjedd noko magisk. Men kanskje om litt. Kanskje eg vaknar ein dag og får lyst til å lage spaghettisaus frå botn av. Kven veit. Eg har i alle fall blomar på forkledet no. Eg kjem nok i alle fall ikkje til å bli ein verre kokk av den grunn.

Og hey, dersom det ikkej blir brukt så kan det jo henge til pynt. Som eit minne om ein god idè som ikkje blei heilt som planlagt. Time will show.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits