Get bored with me






Eg er no eigar av mine fyrste fjellsko.

Og med min fjellskobruk har eg rekna ut at eg kjem til å ha desse skoa til Jesus kjem att. Så det er med andre ord ei invistering for livet. Difor kjøpte eg Ecco skor med Yak skinn og Gore-Tex. Ingen Vibramsåle, men Eccosålen dug den.

No står det berre att å skulle bruke dei. Det er utan tvil dei beste skoa eg nokon gong har egd.

Eg kunne kanskje ha brukt desse skoa i dag, det er jo tross alt sundag og eg skal ikkje på Sion før kl. 19.00. Men i dag har eg og Kristina logge på madrassar i stua og drukke smoothies og sett hopetal av Sex and the city-episodar. Så då droppa eg fjellet. Fjellet vil stå der heilt til verda går under, har eg konkludert med, så det å tilbringe sundagen sin på denne måten er betre enn fjelltoppar og testing av Gore-tex sko. Skoa kan eg bruke ein annan gong. Om 30 år, kanskje. (Då får eg satse på at eg er lei av Sex and the city, og at eg heller vil sjå nye plasser i verda enn berre New York, Manhattan.)

Én kommentar

Astrid

03.08.2010 kl.02:21

Kule sko ta ;)

Skriv en ny kommentar

hits