1 år to go

Å kjære vene. Det er no eg ikkje veit om eg skal vere stressa eller avslappa. Det er på dagen 1 år til eg og Karl skal gifte oss. 6.august er det i dag. 6.august neste år skal eg ha på meg kvit kjole og blomar i håret. Eitt år til vi giftar oss. 365 dagar. 12 mnd. Kjære kjære kjære vene. Eg kjenner stresse auke.

I natt greide eg ikkje å sove, eg blei liggande å vri meg. Eg er ikkje av den sorten som tenkjer så mykje, men i natt tenkte eg litt. Det var då det gjekk opp for meg: kanskje dette er ein demonstrasjon på korleis eg kjem til å ha det om eitt år akkurat: eg kjem jo aldri i verda til å greie å sove dagen før bryllaupet. Eg kjem til å vere så spent og stressa og nervøs og glad at svevnen vil kome på to timar. Svevnen i natt kom på 3 timar. Da eg vakna tenkte eg: Kjære vene. 365 dagar.

Benedicte: Ætt år på dagen t vi gifta oss!
Monica: Kult!
Benedicte: Sjukt! 

Eg og Karl har med andre ord -1 års bryllupsdag i dag. Eg ville feire i dag eg, feire at det er 365 dagar til vi skal feire kjærleiken. Men det ville ikkje Karl:
"Benedicte. E kjøm te å måtte feire bryllupsdagen vår kvart år. Ikkje la oss feire på forkant. Vi et nok kake."

MANNFOLK.

Men han er no søt da.




Vel, Karl er ikkje heime uansett, så då kan eg feire for meg sjølv. Eg trur eg stemmer for is. Og Sex and the city. Så får du berre ha det så godt, Karl. (Dei neste åra kjem du til å måtte kjøpe gaver til meg veit du, kanskje greitt for deg å få fri eitt år.)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits