Dagen kjem til slutt





Eg har tenkt litt på det i det siste. Fridomen vår. Vi velger akkurat kva vi vil. Og det er så mykje å velge. Vi må flytte frå dei vi er så glad i, nære vener blir langtvekke vener.

Dagen kjem til slutt. Og no har tida komen for meg. Eg har valgt, og eg skal flytte. Men eg har med meg han eg er så glad i. Likevel så er alle andre eg er så glad i andre plasser.
Då har eg noko å sjå fram til når eg kjem heim.


I desse flyttetider skal ein seie "Hadebra, eg kjem til å sakne deg, vi må møtes snart igjen, du må komme på besøk, jada eg skal kose meg" fleire hundre gonger til fleire hundre vener. Det er trist å seie hadebra til alle ein er så glad i. I dag skal eg seie hadebra til to. Doublebooking av hadebra-møter. I går var eg med Ingeborg, ho har budd på hybelen sin i over to år UTAN å bake kake i omnen sin. Eg fekk vere med å innvie hybelomnen med brownies, noko som føltes godt. Og smakte godt.

I dag skal eg og Else Karin ete guaccamole og hjå Linda trur eg at det blir fruktsalat dersom ho er lik seg sjølv. Tross i at eg flytter heimanifrå har eg fridom til å gjere det eg gjer no. Fridom til å ta opp telefonen og ringe venninnene i Fræna. Fridom til å skrive eit brev og sende det i posten. Fridom til å setje meg på ein buss så eg kan drikke te framfor vene fjes.
 
Fridomen gjer oss moglegheiter på godt og ondt. Det viktige er å bruke den til det beste. For ein sjølv og andre.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits