Surprise

I går kveld var det duka for surpriseparty for Kris. Og surpriseselskapet skulle vere på låven til Kris.  og eg var livredd for at eg ikkje skulle greie å halde meg, men gleppe ut om nyheten til ho. Men eg greide meg fint.

For to år sidan, eller var det i fjor, snakke eg med Dea i telefonen, då vi kom inn på gebursdagstema. Eg var på Kiwi og prøvde å balansere alle matvarane i hendene mine, samstundes medan eg holdt mobiltelefonen, då det gjekk opp for meg: "Å fillern. Ikkje sæ det! Ikkje sæ det! Kris hadde bursdag for nåkre daga sia, sant?!" Eg kunne ikkje tru det. Eg hadde glemt ein bursdag til ei nær nær nær venninne IGJEN. Dea flirte litt og kunne meddele at "Ja.., ho hadde bursdag for fæm daga sia."  Då ringte eg Kris,  la meg flat, innrømte kor dårleg eg er på slike datoar og håpa at ho kunne tilgje meg. Og det gjorde ho. Trur eg. I år hugsa eg i alle fall bursdagen hennar. Kan ha noko med at vi laga surpriseparty. Klapp i hendene.

Heldigvis var ho ikkje heime. Så då kunne me tenne lys, pynte med blomar, dekke på kake og ordne kalas.
















Monica hadde kjøpt inn nye sko for anledninga. Det synes me var ein fin måte å feire Kris på.


Det var eg som fikk den store æra i å hente ho. Kris fekk bind for augo og musikk på øyret slik at eg kunne køyre rundt på Farstad og tulle ho vekk. Då eg køyrde inn på ein liten sideveg, berre for å gjere Kris ekstra usikker på kvar ho eigentleg var på veg hen, gjekk det opp for meg: eg må snu. Eg kan rett og slett ikkje køyre på ein ukjend veg, eg kjem aldri til å finne fram igjen. Så då snudde eg, og køyrde nokre omveger som eg er betre kjend med. Og når vi kom fra til låven til Kris, fekk ho åpna augo og sjå 14 vener rope "Hurra!!!" og som smelte med smell-bombomgar.


Utover kvelden åt vi kake




og sang


åt kake


og dyppa frukt i flytande sjokolade.


Og smila.



Takk for ein fin kveld, og Kris: du fortjener alt. Eg er glad vi fekk til å vise litt kor myke vi set pris på deg. Du e så go.
Stikkord:

Én kommentar

Kristina Othelie

12.08.2010 kl.21:34

Aa! Dåkker e de absolutt aller beste! E fortsatt målløs æ! Virkelig, som æ sa, dåkker e tullat! (and thats the way I like you ;)) <3

Skriv en ny kommentar

hits