Brothers and sisters

Det er litt rart å tenkje på dette med sysken. Eg har ein lillebror som er høgare enn meg, og ei storesøster som er tynnare enn meg. Også har eg meg. 
 
Tross i at vi er så forskjellege som natt og dag, har vi vokst opp saman, ledd saman, grete saman, krangla saman, ropa saman. Vi har dei same foreldra, mange av dei same verdiane og kanskje til og med meiningane, men det hender ofte at folk ikkje trur på meg når eg seier at syster er syster mi.

Edward syng og speler musikk heile dagen, eg bruker penger og Victoria studerer politisk økonomi. Vi er på heilt forskjellege stadier her i livet, eg er forlova og skal til Oslo, Edward går på ungdomsskulen og syng på Leeland, Victoria er no i Amerika og skal bli politikar ein dag. Men likevel er vi sysken. Rare greier. Men fine greier samstundes.





Så sjølv om vi kranglar, missliker kvarandre og hyler, så er det kanskje ikkje så verst likvel. Vi har hatt nokon ved oss i oppveksta, sjølv om det har vore naseblod og blåmerker til tider. Men slik er det vel i alle syskenflokker. I alle fall i min.

Én kommentar

.:*:. Miss Nerland .:*:.

13.08.2010 kl.22:15

Joa søsken er så mangt, men vi er glad vi har dem:)

Skriv en ny kommentar

hits