Nesten alt i boks og boksar

I desse flyttetider.
I dag, eller no har eg 2,5 tm på meg å bli ferdig med alt som heiter pakking. Og dusjing, sminking, påkledning og baking før eg og Mon dreg til Ingeborg for å ha siste kveld saman med venninner før eg flytter til Oslo i morgon tidleg. Eg er ganske så stressa, men samstundes ganske så avslappa. Skoa ligg i bilen allereie, så eg veit at eg får med meg dei i alle fall.

Dei siste dagane har eg sortert og kasta meir enn eg har gjort heile livet til samans. Og eg fann mykje interessant.
Det viser seg at eg har tatt vare på parfymeflasker. Eg har egd over 5 Jennifer Lopez LIVE parfymer, og desse brukte eg over 2 år. Eg var meir avhengig før, for å seie det sånn.


Og eg har hatt ein kokesjokolade i bokskapet mitt. Sedan 2006. Forklaringa er enkel: eg les ikkje bøker, og difor har eg ikkje funne sjokoladen. Men at eg la ein sjokolade i bokskapet mitt og ikkje i munnen er jo berre ei utruleg historie...


Også har eg spart på ein sau uten føter.




Boksane som har vore strødd over heile kjellaren er no stappa i bilen, medan ein del framleis ikkje har funne sin plas i Caravella.



Eg må bli ferdig no. Uff. Eg hadde aldri trudd det var så mykje arbeid å renske ein heil kjellar og sortere ut kva ein skal ha og ikkje, kva eg skal ta med meg for eitt år og kva som skal bli ståande igjen. Men eg har byrja å lande no. Ting fell på plass.
Eg får utnytte dei siste timane eg har og bli ferdig. Tvi tvi.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits