Let´s talk

Vi snakker Oslo.


Å. No eg er altså her. I hvudstaden. Kristiania.

Her om dagen såg eg ein taxi som heitte Kristiania Taxi, og eg fekk lyst til å springe etter han, berre for å sitje på ein taxi med eit så vent namn. Men eg hoppa heller på t-banen.

Då eg satt på banen, slo det meg: Det har faktisk tatt meg 19 år og 7 mnd for å kome meg til Oslo. At eg ikkje har budd her før. Det er jo så bra. Folk. Ein cafe på kvart gatehjørne. Matbutikkar over alt. Parkar. Offentleg kommunikasjon. Studenrabattar. Te i termokrus. Støvlar i renget og støvlettar i haustfargane. OSLO. Vi snakkar Oslo.
Det tok meg kanskje 19, 7 år. Men når eg først er her så skal eg verkeleg vere tilstades i byen. Det er i alle fall tanken. Eg får sjå kva som skjer.





I kveld, eller i dag har eg opplevd byen. Gym, skule, shopping, vener, menneske. Eg har vore på lovsangskveld i ei menighet og med venninner på cafè og lukta lukt av fransk løksuppe og smakt smaken av kakao med krem. Eg har høyrd studentar synge på banen og klappa for dei, sprunge over vegane på raud mann og dratt skjerfet godt om halsen. Oslo har alltid ropa på meg. Eg har alltid ynskja å kome til denne staden. No er eg her. Og det er ein grunn til at eg er her. Dette året skal eg bruke til å høyre på kva Gud har å seie meg. Kva han vil bruke meg til. I Oslo. Og ellers i livet.
 
Du og du, eg får aldri sagt det nok: Ah. Detta livet. Er verdt å levas.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits