Ingen kjem til å tru på meg

men eg jogga i morges.




Eg satte på vekkarklokka i morges og dro på oppdagelsestur rundt om på området her eg bur i Oslo, og eg fann mykje. Litt for mykje. Rema 1000, Botnkostnad (som Rayo og Nupen plar å seie), eit kjøpesenter som er mindre enn det vi har i Fræna (og som dessutan ikkje har klesbutikkar) og verdas største Coop OBS. Eg trudde eg var i utlandet med eitt. Eg vandra og vandra, og fekk lyst til å kjøpe Smoothies maskin og raude Hunter støvlar til 799 kr. Plana var å ikkje kjøpe noko. MEN. Eg fann joggeskor. Eg som har leita i 4 mnd etter gode og billege joggeskor fant eit par til 99 kr. Eg har vore innom 10 sportbutikkar i det siste og fått hjelp av betjeninga til å finne joggesko, men alle har endt opp med å seie: beklager. Eg har ein lang fot, samstundes som den er litt smal, og det å få rett lengde og lest i ein og same sko har eg framleis ikkje funne.
Pappa seier at eg må tenkje igjennom alt eg kjøper om eg verkeleg treng det. SÅ: eg satte meg ned på ein hagestol i midten av Coopbutikken og satte meg ned å tenkte. Joggeskoa eg har frå før er ekkel og stygg, og eg vil eigentleg ikkje bruke dei fordi dei er så rar. Og desse kosta 99 kr. Og eg har allereie skjekka ut 10 sportsbutikkar. Det var tre gode argument for å invistere i nye joggeskor spør du meg. Då eg hadde tenkt dette, sprang det plutseleg eit tusenbein forbi meg der eg sat på hagestolen. Og då gjekk det opp for meg at dersom tusenbeinet kan springe, kan eg og like så godt nyte springinga med nye skor. Noko i den duren. 4 argument for nye joggeskor, pappa!
Så eg kjøpte skoa eg. Og halvjogga heim.



No skal eg bake olivenbraud og lage pasta til Astrid kjem på besøk. Og dusje. Eg har tross alt jogga i dag.

6 kommentarer

Fillip J

27.08.2010 kl.13:11

Ta her ser lovenes ut asso, benedicte ;)

Benedicte - overkommelig.com

27.08.2010 kl.13:13

Takker, takker Fillip!

Edward

27.08.2010 kl.13:29

trur ikkje på d at du jåggæ :P

Benedicte - overkommelig.com

27.08.2010 kl.13:32

Å jo da! Eg gjorde det broder.

.:*:. Miss Nerland .:*:.

27.08.2010 kl.15:45

Bra du jogge litt. Fortsett med det. Og et fint kjøp da.. E vanskelig å finne store sko som passer...

margaretagnete

27.08.2010 kl.18:53

Synes det er fantastisk flott å lese bloggen din! Det er kjempemorsomt, spesielt siden du skriver nynorsk! Det gjør alt veldig spennende!

Skriv en ny kommentar

hits