Rænrasa

I går kom Astrid fram til Sinsen etter litt om om men. T-banen er ikkje så for oss som kjem frå landet. Men når ho til slutt dumpa ned på kjøkenbordet etter ein tur ute i hefteg regn, var det nett som vi var i Fræna igjen. Nesten.





Ingenting er som å kunne snakke om gode minner, og sjå fram til dei minna vi ein dag skal få i framtida. Eg og Astrid har gått i same klasse i ti år, og no brukar ho eit år igjennom Kirkens Nødhjelp. Det synes eg er flott. Det synes Astrid og. På sundag reiser ho til Kenya. Så til Fillipnane.
Eg skal be for ho Astrid, eg.








Seinare på kvelden drakk me te og åt kake saman med andre folk som kom innom. Og då sa eg at eg var rænrasa frening. Det uttrykket hadde dei aldri haurt før. Ikkje Astrid ein gong bruker det uttrykket. Men ho er ikkje rænrasa frening heller. Eg har det kanskje litt i blodet, men ikkje i talemålet. Innan eg forlet Oslo neste sumar, snakkar eg enten skarre-r som jentene i huset gjer, eller østlending. Eg er så påverkeleg. Men frening vil eg vel alltid vere. Sånn er det berre med den saka.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits