Raudt.

No må eg snart springe ut av døra, Karl og ein film ventar før vi dreg til Jesus Church. Troens Bevis, bibelskulen vi startar på i morgon er drevet av Jesus Church menigheta, og det blir kjekt å begynne å gå der. Heime i Fræna har eg gått i pinsemenigheta Sion, og i Oslo blir det altså Jesus Church. Kjekt å bli kjent med nye, samstundes som vi kjem til å treffe igjen mange vi har blitt kjent med frå før.

Eg skal vel ikkje syte meir over at det framleis regner. Det er sol og varm om morgonen, og når kokka bikkar eitt, kjem regnet brakande ned. Jaja. Ikkje så mykje å gjere med den saken.

Eg har på meg det raude skjerfet Britt Evy, syskenbarnet mitt strikka til meg til jul. Eg har brukt det så mykje, og kjem til å bruke det mykje framover. Det er raudt. Og fint. Og stikka med kjærleik. Det liker eg.






Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits