Realitet på 1-2-3

I dag fekk eg realiteten slengd midt i trynet på under fem minutter.

På veg ned til t-banen sto ein liten gjeng vaksne mennesker og telte piller og spurde om nokon hadde kontanter slik at dei fekk betalt. Dealing er ikkje akkurat slik eg har sett i Fræna på lyse dagen medan enorme folkemengder travler forbi.
Då eg kom på t-banen, sat eg og tenkte på detta livet som så mange trur dei lever, men dei lever berre for å døy. Eg blei liksom så trist, og det gjekk opp for meg at eg såg ut som ein daud person der eg sat. Så eg bestemte meg for å smile til menneske som sat rundt meg, og ikkje vere like fråværande som dei fleste er medan banen hakker seg bortover områda i Oslo. Det viste seg var dumt. For da eg gav eit forsiktig smil til ein kar som kom på banen, satte han seg ned og lurte på kva eg heite, kvar eg kom ifrå og om han kunne få telefonnummeret mitt.
Så klart fekk han ikkje telefonnummeret, eg sa eg ikkej gjorde slik. Og eg sa ikkje kvar eg kom ifrå. Då han ville gje meg telefonnummeret sitt, rista eg på hovudet. Ingen mann skal bestemme kva eg skal gjere. Det fekk meg til å tenkje på realteten mange lever i. Realiteten at dei ynskjer å finne nokon å snakke med og vere saman med, og realiteten som mange kvinner opplever der ute: pågande menn som ikkje respekterar dei.

Så i dag fekk eg lære litt om dop og om menn/ein mann her i Oslo. Det er nyttig, samstundes ubehagelig å sjå og oppleve ting ein helst kan vere foruten. Men det er verda vi lever i.


Tross realiteten skal eg ikkje slutte å smile til mennesker på banen eller på bussen. Vi har rett til å vise at det finnes ting å smile for, tross alt stresset, tross alle realitetane, tross denne verda. Eit smil kan lyse opp ein dag for ein person. Eller skuffe ein som må gå heim utan telefonnummer og fullt namn på jenta som han møtte på banen.

Én kommentar

Zelda

03.09.2010 kl.21:15

Benedicte gjør ting hun kan! I dag: sjarmere mannfolk ;) Syns dt kunne blitt ei fast spalte!

Skriv en ny kommentar

hits