Sunday morning

sun is rising.

I dag er siste dagen på ei travel, men fin veke. Eg trudde livet i Oslo skulle vere mindre fartsfylt med mindre aktivitet og program, men turns out: eg er like travel framleis.
Samstundes som det er travelt, så er det godt. Eg liker tempo. Eg er vand med det. Å kome til Oslo blei ikkje berre eit kultursjokk.

No er det morgon, og eg og Helena har drukke te og skal kanskje ut på ein liten tur rundt Songsvann. Sola skin, syster har bursdag og eg prøvde ut ein ny te. Sukk. Sundag morgon.






Her om dagen då eg handla mat, endte eg opp med å kjøpe kanel på pose i staden for på glas, då pose-kanel er 20 kr billigare. Det eg ikkje tenkte over, er at det berre er 20% kanel i ein sånn pose i forhold til kanel i glas. Eg tenkte eg hadde tjent penger. Men det viser seg at eg berrre har mindre kanel.





Innflytningspartyet eg og Karl var på i går var kjempe kosleg, vegen fram dit var heller verre. Bussjåføren som køyrde ruta vi sat på visste ikkje ein gong kvar vi skulle gå av. Men vi kom oss fram etter å ha spurt fire folk om vegen.
På kvelden gjekk vi opp på takterrassen på blokka vi var i, og veras nydlegaste utsikt viste seg:



Dette er betre enn fjell og dalar. Trur eg. Dette er hus og bygningar. Å, det er nesten Manhattan. Byen ropar.

Én kommentar

.:*:. Miss Nerland .:*:.

05.09.2010 kl.13:04

Du e ikke den som har tid til å være mye impulsiv du.. Men håper du har tid til å sette av en helg til meg å da etterhvert:)

Skriv en ny kommentar

hits