Brighter days

 are here. And they are coming.

I dag blir ein av desse fine dagane kvar eg skal få mykje bra undervisning på skulen, snakke bryllaup med Kristine, ho eg skal ta bilete i byllaupet til, og vandre rundt i Oslo utan peng og draume om alt eg har ynskjer meg, men ikkje pengar til. Det siste er kanskje litt hardt og ikkje fullt så fint, men tinga eg draumer om er fine. Den kvite kåpa, foreksempel.

Etter at eg kom til Oslo har eg eigentleg ikkje brukt noko peng på klede. Eg har kjøpt eit par joggesko til 99 kr, og der stoppa det vel eigentleg. (Nesten.)
Det gikk opp for meg at eg må betale mitt eige dopapir og kanel, og då må eg berre byrje å prioritere: kanel eller chanel.

Sitat frå Karl når eg fortalte kor flink økonomisk eg har blitt:
"E har alltid visst at du he god økonomisk sans. Fram te no he du berre valgt å sløse da du he hatt peng."

Kanskje han har rett.



Men eg har vel litt rett i at kleda mine byrjer å sjå litt muggne ut no... Eg kan jo berre droppe kjøkkenspray og mjøl resten av året og kjøpe klede i staden for.


2 kommentarer

Edward

07.09.2010 kl.15:27

brighter days - leeland! :D

Benedicte - overkommelig.com

07.09.2010 kl.18:12

Brighter days - Tv Experience!

Skriv en ny kommentar

hits