Buss

I dag vakna eg frå halvkvile klokka 06.25. På nattbussen. Av ei stemme som sa: "Vi ankommer Oslo om noen minutter..."

Eg ville krype ned i sete mitt og rope høgt: E det ikkje sovegaranti på nattbussen? I he ikkje sove i hæle natt og i kreve dei 472 kronenen mine tilbake!

Men eg gjorde ikkje det. Eg drog meg ut av bussen og stilte meg i kø for bagasjen min. Vanlegvis er eg ei veldig triveleg jente. Men i morges var eg så frustrert og trøytt over å ikkje ha sove meir enn 10 timar på tre døgn at eg sa ikkje takk for turen til bussmannen ein gong. Da er eg verkeleg ikkje meg sjølv.

Ut av bussterminalen, ned til tbanen og opp til Sinsen slo det meg at det å vere i ein by når ein har ein dårleg dag har mykje å seie. Ein er liksom ikkje på landet, så ein kan ikkje gøyme seg bak eit tre dersom man ikkje føler for å møte ein person. I Oslo er det personar over alt. Til og meg halv sju om morgonen.

Det slo meg: kva er det som får folk til å stå opp om morgonen? I alle fall før klokka seks. Eg har ein grunn til å stå opp kvar morgon, Eg lener meg til Gud, og det gjer meg mot. Livet mitt går stort sett berre oppover. Men folk som berre møter motgang, som berre står i stormar, som berre lever med svik og dårleg samvit, kva er det som gjer at dei greier å stå opp frå djupet sitt og starte på ein ny dag?

Eg beundrar mange folk. Spesielt dei som står i kampar. Min kamp er så liten som å prøve å vere utkvilt etter stressa dager. Eg trur at det bur noko meir i kvart menneske enn vi lett trur sjølv: eit håp. Eit håp om ei eve, eit håp om ei meining, eit håp om solskinn.

Så. Hald ut. Sola kjem. Hausten må berre få herje frå seg fyrst med kulda si. Det er difor eg har byrja med strymper.



2 kommentarer

maria håberg

20.09.2010 kl.23:53

du e kul! :D

.:*:. Miss Nerland .:*:.

21.09.2010 kl.06:22

Vel kl 7 om morran er det vel mange som skal på jobb i Oslo så da er det vel mye folk..

Men håper du får sove igjen snart da:) Søvn er viktig.

Skriv en ny kommentar

hits